Dette skjer i Hodlekve i sommar
Me gler oss til å ønskje både lokale og tilreisande velkomne til ein aktiv og opplevingsrik fjellsommar!
Samstundes som me førebur neste vintersesong med periodisk vedlikehald på heisar og trakkemaskiner, er sommarprodukta våre no klare for sesongen. Dalalåven Kafé opnar 20. juni og held ope heilt fram til 16. august. Her kan du nyte god mat og drikke, og me har opent kvar dag frå 12-18.
Frisbeegolfbana blir opnar 5.juni og ligg klar for både nybyrjarar og erfarne spelarar.
Pumptracken og Flytstien i Toyotatrekket er open og klar for syklistar i alle aldrar, og me tilbyr også sykkelutleige for deg som ønskjer å utforske området på to hjul.
Hodlekve er eit perfekt utgangspunkt for vandring i fjedle, med turmål som passar både familiar og meir erfarne fjellfolk.
Me tilbyr også salg av fiskekort, slik at du kan prøve fiskelykka i flotte fjellvatn i området.
For deg som ønskjer å bli verande litt lenger, har me både bubilparkering og hytteutleige med kort veg til aktivitetar og naturopplevingar.
Sommarens arrangement i Hodlekve:
Hodlekve Rundt 29. august – eit spektakulært fjelløp gjennom noko av den flottaste naturen me har å by på.
Fjord-O 2-5.juli – orienteringsløpet som samlar deltakarar frå heile europa til spennande løp og flotte naturopplevingar i Sogn.
Fotball-VM i Dalalåven – fredag 26. juni viser me kampen mellom Norge og Frankrike.
Enten du ønskjer ein aktiv ferie, ei helg med familien, ei natt i bubilen eller berre ein kaffikopp eller middag med utsikt mot fjedli vaore, finn du det hjå oss.
Me ønskjer alle velkomne til ein fantastisk sommar i Hodlekve!