Season start summary

Me opna 20. desember 2024 med eit forrykande trøkk av stemning, laus snø og Laussnøbuss som sørga for god transport den første helga.

Dette trøkket heldt seg fram til julafta, men frå julafta til 29. desember vart vi råka av regn som herja områda våre. Heldigvis hadde me bygd opp ein solid sole med både natursnø og kunstsnø, slik at me klarde og halde hjulene i gang, og fekk folk ut på ski.

Gjengen i Sogndal Skisenter

Me hadde flott besøk, tilpassa det varierte vèret, og i tillegg kunne me tilby mange barneaktivitetar i Toyotatrekket. I vår flotte kafé vart det servert heimelaga kanelsnurr og pizza, som blei soleklare favorittar blant gjestene. 3. juledag fekk me besøk av Ivory, som alltid er ein stor suksess! Då fylte vi Dalalåven med festglade folk som kunne nyte eit forrykande show frå dei lokale innaføringane.

Til neste år ser me at det ligg til rette for endå eit arrangement i romjula, grunna enorm etterspørsel av bilettar til 3. dagsshowet!

Den 30. desember kom den kalde og gode vinteren tilbake, med snø og kulde som gjorde at me har hatt tre fantastiske avslutningsdagar på jul og nyttår. Vèret ser ut til å halde seg kaldt, og no produserer vi for fullt for å få terrengparken vår i gang.

Me vil takke alle bygdafolk, hyttefolk og andre flotte gjester for at de vel å besøke det fantastiske anlegget vårt i verdens vakraste dal. Me kryssar fingrane for ein flott sesong framover, og gjengen i Sogndal Skisenter er klare til å gi gjestene våre ein god oppleving, anten de kjem med eller utan ski på beina!

Ha eit godt nyttår, og velkommen til oss. Helsing gjengen i Sogndal Skisenter

Gasta Design

We create profitable websites based on Squarespace, and are happy to develop your visual identity or help you with digital marketing.

Previous
Previous

Kveldskøyring i veke 3 avlyst

Next
Next

Åpningsdag i morgon!