Back to all events

Fjord1 Young Attacking Vikings

  • Sogndal Hodlekve 120 R5 Sogn and Fjordane, 6856 Norway (Map.)

Søndag 14. februar inviterer Sogndal IL Alpin, i samarbeid med Sogndal Skisenter og Sogn og Fjordane Skikrins, til lågterskel arrangementet Fjord1 Young Attacking Vikings.

Fjord1 Young Attackings Vikings er eit lågterskel arrangement med fokus på skiglede i artige og spennande løyper. Det vert gjennomført i uformelle rammer der ein får prøve ulike aktivitetar innan alpint, m.a. parallellslalåm og skicross.

Arrangementet er ope for alle på alle nivå, med særleg fokus på born og ungdom. Det er ingen påmelding til arrangementet.

Tidspunkt:
Søndag 14. februar 2021, kl. 13.00-15.00

Registrering frå kl 12.30 i telt Toyotatrekket.

Stad:
Sogndal Skisenter, Rindabotn (Barnetrekket/Toyotatrekket)

Registering ved Dalalåven, Rindabotn.

Arrangementet vert gjennomført iht. gjeldande råd for smittevern.
Retningslinjer for tilstadeverande:

  • Er du sjuk eller har symptom på sjukdom kan du ikkje delta

  • Hald minimum 1 meter avstand

  • Hugs god hand- og hostehygiene



Previous
Previous
13 February

Skileik med Nordbohus

Next
Next
20 February

Vinterferieveke 8