Corona info - closed ski lifts

Kjære alle våre gjester.


Me har i dag hatt dialog med kommunelegen og i samråd har me bestemt at me køyrer fjelløpene og langrennsløypene no til helga. Skitrekka, Dalalåven, mini Dalalåven og SIL hytta vil vere stengt. Toalett i heishuset i Rindabotn vil vere ope med hyppig reinhald.

Me kjem ikkje til å sette ut benkar fram for Dalalåven og me ynskjer ikkje at folk samlar seg der. Det er meldt fint vær og dermed kan me risikere at det kjem ein del folk. På fjellet er det god plass, fint om det planlegg å ta pausa langs løypa :-)

Me brøyter opp parkeringsplassane, og kjører opp løyper og vaskar toaletta i heishuset i Rindabotn.

Når skitrekka er stengt går me glipp av vår desidert største inntektskjelde. Me set derfor stor pris på at de er med på å ta kostnaden ved å betale den frivillige løypeavgifta kr 200,- VIPPS: #85540

Previous
Previous

Preparation of cross-country ski trails

Next
Next

FOOD SEED PRESS SUNDAY, March 1!